lørdag 1. september 2018

Kjære mamma, takk for seibiff med lauk!


Seibiff med lauk må vere ein av verdast beste middagar, den har følgt meg heile livet og retten går aldri av moten i mi matverd. Pappa hadde båt og var ivrig hobbyfiskar med både dorg og garn på Ørstafjorden. Fisk var viktig matauk til ei stor familie på 60 og 70 talet.  

Mamma styrte kjøkkenet heime og av fangsten laga ho fiskekaker, fiskebollar, fiskegrateng, kokt-, lettsalta-, og steikt fisk. Eg kan ikkje hugse at vi sa at vi ikkje likte fisk og spesielt når seibiff med lauk sto på middagsbordet, då vart det fort tomt i panna.

Dagens oppskrift på denne herlige retten er litt modernisert. For det første legg ein rett og slett legg fiskestykka ei lita stund i saltlake før panering og steiking, dette gjer fiskestykka litt fastare. Det andre er at retten består av heile fem ulike lauktypar, ei skikkelig smaksbombe av lauksmakar. I dag fyller mamma 88 år, takk for alle den gode maten og gratulerer med dagen!


SEIBIFF: Ein av verdens beste middagar, seibiff med lauk og remulade. Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aaronsen.


 I
NGREDIENSAR til 4 porsjonar:

800 g seifilet, utan skinn og bein
100 g salt
1 dl kveitemjøl
Smør

LAUKBLANDING
4 stk sylta sølvlauk
4 stk sjalottlauk
1 stk lauk
1 stk purrelauk
1 bunt graslauk
4 ss smør
1 ts sukker
½ sitron
salt og pepar

REMULADE
2 dl majones
1 dl rømme
2 stk ansjosfilet
2 ts kapers
1 ss sylteagurk
½ sjalottløk
1 ss frisk persille
salt og pepar
sitronsaft

TILBEHØR
Potet

FRAMGANGSMÅTE
Skjer seien i serveringsstykke. Rør saman kaldt vatn og salt, og la fiskestykkene ligge i saltlaken i ca. 10 minutt. Ta fiskestykka opp og tørk dei godt med tørkepapir. Vend stykka i kveitemjøl, rist av overflødig mjøl og brun dei i smør i ca. 2 minutt på kvar side.
LAUKBLANDING
Skjer lauk, raudlauk, sjalottlauk, purre og graslauk i tynne skiver. La sølvlauken vere heil. Brun all lauken i smør, tilsett sukker. Tilsett sitronsaft og skal frå sitron og la det surre til det blir mjukt. Smak til med salt og pepar.
REMULADE
Finhakk ansjosfilet, kapers, sylteagurk, sjalottlauk og persille. Rør saman ingrediensane til remuladen og smak til med salt, pepar og nokre dråpar sitronsaft.
Server seibiffen med lauk, remulade og kokte poteter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar