søndag 30. september 2018

Omnsbakt torsk med pesto og bacondadlar er ein himmelriks munnfull!


«Ein himmelriks munnfull» er namnet på ein dessert av eggedosisfromasj, sherry, mandlar, sjokolade og coctailbær med store smakskontrast i søt, surt og bittert. Når eg skal prøve å beskrive smaken av bakt torsk med pesto og bacondadlar vart det også ein himmelriks munnfull. Smakskontrastane er store; mild fisk med frisk pesto og ekstra spesielt med den søte daddelen med det salte og sprø baconet rundt, dette er rett og slett ein smaksrikt.

Daddel er ein søt, aromatisk og litt klebrig frukt, den er ofte skildra som ørkenens delikatesse og i Norge er den mest kjent som tradisjonsrik julesnaks. I dag vert det dyrka mest dadlar i Nord Afrika og Midtøsten, frukta veks på palmar og under palmeblada veks daddelklasane som kan innehalde meir enn 2000 dadlar.

Bacondaddel er ein populær appetittvekkjar som ofte brukast til tapas og dei passar også perfekt som tilbehør til fisk. Ein kan bruke dadlar både med og utan stein, det er smak og behag. Eit tips er å bruke tretannpirkarar utan smak og å leggje dei i vatn før bruk, då tek den ikkje fyr under matlaginga. Då er det berre å svinge grytene på kjøkkenet, god helg!


BACONDADLAR: Omnsbakt torsk med pesto og bacondadlar er ein himmelriks munnfull. Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aaronsen.


INGREDIENSAR til 4 porsjonar:

800 g torskefilet, utan skinn og bein
2 ss salt

PESTO
1 dl frisk bladpersille
1 dl pinjekjerner
2 ss parmesanost
1 fedd kvitlauk
1 dl rapsolje
salt og pepar

BACONDADLAR
4 skiver bacon
8 stk daddel
1 ss smør
tannpirkarar

TOMATSALAT
4 stk tomat
½  stk raudlauk
olivenolje
salt
kverna pepar

TILBEHØR
asparges
potet

FRAMGANGSMÅTE
Set steikeomnen på 180 °C. Skjer torsken i jamnstore stykke og dryss dei med salt, og la dei ligge i ca. 20 minutt. Skyl saltet av og tørk stykka med tørkepapir. Legg dei i ei eldfast form.

PESTO
Bland saman alt unntatt oljen og kjør det til ein jamn mos i foodprosessor eller med ein stavmiksar. Spe med olje til ein glatt puré. Smak til med salt og pepar. Smør pestoen over torsken og bak i steikeomnen i ca. 12 minutt eller til den er ferdig.

BACONDADLER
Skjer baconskivene i to. Rull bacon rundt dadlane, fest med tannpirkarar og steik rullane i smør til baconet er sprøtt.

TOMATSALAT
Skjer tomat i skiver og finhakk raudlauk. Ha over litt olje, salt og pepar.

Server den omnsbakte torsken på varme tallerkar med bacondadlar, tomatsalat, dampa asparges og kokte poteter.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar