lørdag 1. september 2018

Sommarfest med kamskjel, kvitlauk og asparges!


Er du på jakt etter ein sommarleg forrett, eller kanskje du rett og slett leitar etter rask smårett som du kan nyte i skuggen? Då vil eg foreslå denne helgas rett som er ein sommarfest i seg sjølv. Råvara er kamskjel og det er noko av det edlaste og vakraste vi kan få opp frå havet.

Kamskjel vert fanga langs kysten vår frå Trøndelag til Nordland og det er oftast dykkarar som plukkar denne eksklusive råvara opp frå havet. Kamskjela er ei etterspurt delikatesse som ein kan vere heldig å finne levande med skal i ferskvaredisken, men oftast vi finn dei frosne utan skal i frysedisken.

Forma på kamskjel er karakteristisk med eit flatt overskal og eit bua underskal. Skala er gul- eller raudbrune og har 15 – 17 ribbar, og denne vakre skalvifta fungerer perfekt som fat til retten. Det kan vere smart å ta vare på slike sjel dersom du er heldig å få ta i levande skjel, då har du til både fat og bordpynt neste gong du vil lage denne smakfulle sjømatretten!



SOMMARFEST: Vakre og smakfulle kamskjel er ypperlig til forrett eller smårett. Foto: Norges Sjømatråd, Marianne Aaronsen.


INGREDIENSAR

12 stk kamskjel
12 stk asparges
sukker
salt

MARINADE
1 stk raud chili
2 fedd kvitlauk
1 dl solsikkeolje
½ dl vatn

SAUS
2 dl matfløyte
2 ss smør
salt og pepar

TILBEHØR
Salat

FRAMGANGSMÅTE
Brukar du ferske kamskjel starter du med å opne og reinske skjella. Frosne kamskjel legg ein i ein bolle og tinar dei i kjøleskap og let dei renne av seg på tørkepapir. Kok opp vatn med litt sukker og salt. Legg i asparges og la dei koke i ca. 1-2 minutt.

MARINADE
Finhakk chili og kvitlauk, og rør saman med solsikkeolje og vatn. La kamskjella liggje i  marinaden i minst ein time. Ta kamskjella opp av marinaden og la de renne av seg på tørkepapir. Ta vare på marinaden til du skal lage saus.

Steik kamskjella raskt i steikepanne eller på grill, ca. 30 sekunder på kvar side.

SAUS
Slå marinaden over i ein lita gryte og kok den inn til det halve. Tilsett matfløyte og la den koke litt. Pisk smør inn rett før servering og smak til med salt og pepar. Server steikte kamskjel med saus over, og asparges og salat ved sidan av.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar